Varmesøkande kikkert til Volda Røde Kors Hjelpekorps
Volda Røde Kors Hjelpekorps er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Røde Kors Hjelpekorps er frivillig samfunnsberedskap i praksis.
Når nokon vert meldt sakna, ved større ulukker og naturkatastrofer vert hjelpekorpset utkalla. Volda Røde Kors hjelpekorps vert kalla ut om lag 15 gonger i året.
Hjelpekorpset har ca 55 aktive medlemmar på alarmplanen. Vi skal alltid vere klar til å bistå ved søk og redningsaksjonar. Vi er og avhengig av at utstyret vi har fungerer til ei kvar tid. Ein veit aldri når det oppstår behov for hjelp.
Det nærmar seg mørketid no og vi har behov for betre utstyr til å leite etter sakna personar. Ein varmesøkandes kikkert har stått på ynskjelista i fleire år, og den kan hjelpe oss til å finne sakna/skadde personar på mykje lenger avstand enn det vi klarar med ein vanleg kikkert, spesielt i mørket men også i dagslys! Med ein varmesøkandes kikkert vil vi lettare kunne sjå peronar i sjøen, ei fjellside eller inn i skogen.
Hjelp oss å hjelpe andre!