Ny komfyr til Adolfbuda
Adolfbuda i Gjerdsvika er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. All drift og vedlikehald av Adolfbuda er dugnadsbasert, vi set difor umåteleg stor pris på ditt bidrag med å skaffe ny komfyr til kjøkenet på buda. Ditt bidrag vil vere med å støtte arbeidet vårt med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 31.januar-27.februar. Hjelp Adolfbuda med å vinne ved å stemme på oss.
