Live webkamera på Runde Fyr
Havlandet meiner at eit live webkamera på Runde fyr vil vere med å vise verda kor vakkert det er på Runde, både i storm og stille. Vi har fått med fleire andre økonomiske støttespelarar som også vil vere med å spleise på dette tiltaket, og vi er i tillegg med og kjempar om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Derfor innbyr vi DEG til å vere med i dette SPLEISelaget.
Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 31.januar-27.februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.