Tilrettelegge turstien over fjellryggen i Kvalsvika i Havlandet
Havlandet ønsker å legge til rette for at gjester som skal gå den spektakulære fotturen frå Golleneset fyr til Muletua og Mulevika i Havlandet - skal gå langs stien i området som vi legg til rette for. Stien som ligg der og ventar på deg går over Okla, Børa, Barmen og til Muletua med ei utsikt som kan ta pusten frå den mest erfarne - sjølv om fjella ikkje er så høge... Klippene som styrtar ned i havet, utsikta mot Runde eller Svinøya langt ute i havet, eller ned til Mulevika som på magisk vis etter vinterstormane kvar vår får den kvitaste sanda kasta opp på stranda.
I Kvalsvika og langs fjellryggen går det dyr på beite heile året, så det er viktig at du hjelper til å holde grinder lukka, og hunder i band - heile året. Gårdbrukarane i Kvalsvika som har dyr på beite har ingen sauer eller lam, eller storfe å miste.
Tusen takk for hjelpa - og velkommen til Havlandet til sommaren!

For meir informasjon om turstiar i Havlandet, sjå https://www.opplevhavlandet.no/