Takknemlige!
Ei siste Spleis-oppdatering 🌼
No er det berre 4 små dagar igjen av spleisen, så vi vil takke for alle bidrag vi har fått. Vi er utruleg takknemlige. Det blir ekstra kjekt å kunne halde fram med vidare planar, når så mange har bidratt til at vi kan realisere dei i lag.
Det er lett å sjå at plassen var etterlengta. Store og små er innom dagleg og naboar møtast på tvers av generasjonar akkurat slik vi såg for oss. Folk har vore flinke til å rydde etter seg og "passe på" plassen, og det er kjempekjekt at fleire og fleire engasjerer seg og kjem med forslag og bidrag. Det er mange som står bak arbeidet som er gjort til no.
Medan vi ventar på svar på søknaden og politisk høring etter naboklagen, kan vi heldigvis bruke plassen og vedlikehaldet som vart gjort fram til prosessen vart satt på vent.
Litt av det som var gjort:
Rydda skog, klipt gras, laga gjerde av kvist frå plassen, fjerna ødelagt sandkasse og erstatta med ei ny, måla det gamle reiestativet, fått på plass eit par benkar og måla dei, hengt opp hengekøyer og eit slengtau. I tillegg var vi heldige og fekk utebiblioteket frå Aasentunet.
No håper vi at saka vår blir behandla kjapt, slik at vi kan starte på alle dei kjekke planane vi har vidare.
Tusen takk til alle 🌸