Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️
Dette er ei fornying av spleisen som vart starta i mai 2022 av Støttegruppa "Hjelp Andreas tilbake til livet".
I fjor kom det inn totalt 218 900 kroner frå privatpersonar og bedrifter. Desse pengane er no brukte, og kvar einaste krone har vore til uvurderleg hjelp:
Dette har vi fått til med hjelp frå spleisen:
- Andreas har fått juridisk bistand og advokathjelp.
- Andreas har fått hjelp til å flytte ut av den private institusjonen, der han var plassert og levde under svært kritikkverdige forhold.
- Andreas har opplevd god effekt av forsiktig nedtrapping av medisin. Dette har gått føre seg heime hos mor Heidi i samarbeid med Andreas sin faste behandlar ved eit psykiatrisenter i nabofylket.
- Det er opna fleire tilsynssaker som undersøker ulike instansar si behandling av Andreas.
- Ei av desse tilsynssakene er avslutta med følgande konklusjon frå Statsforvaltaren: "Helse Møre og Romsdal HF har brutt forsvarlighetskravet i spesialisthelsetjenesteloven § 2-2 og plikten til å gi informasjon etter spesialisthelsetjenesteloven § 3-11."
Dette treng vi framleis pengar til:
- Juridisk bistand og advokathjelp for å bistå i dei saken som framleis pågår.
- Kjøp av tenester hos ekstern psykolog og psykiater som tilbyr individtilpassa bistand til nedtrapping. Nedtrappinga av medisin skal framleis skje i samarbeid med Andreas sin faste behandlar.
Situasjonen i dag:
Andreas har no budd heime hos mor Heidi i nesten eitt år. Han har brukt tida på forsiktig nedtrapping av medisin, fysisk aktivitet, ro og omsorg. For eitt år sidan var han sterkt prega av kritikkverdig behandling og langvarig medisinbruk. Han hadde store fysiske plager, hadde mista språket sitt og var svært engsteleg og traumatisert.
Nedtrapping av medisin er eit svært utfordrande arbeid. Det fører med seg tøffe abstinensplager, som er vanskelege å handtere for pasientar og pårørande. Abstinensane blir ofte feilaktig tolka som tilbakefall, og det er heilt individuelt korleis kroppen reagerer på nedtrappingstempo og -dosering. Les meir om nedtrapping av medisin her.
Andreas opplevde å bli gradvis betre i løpet av månadene med nedtrapping. Han var framleis sterkt prega av det han har vore igjennom, men mange av dei mest plagsame biverknadene vart etter kvart heilt borte.
Dessverre opplevde han nyleg ei forverring av symptoma, og han vart igjen innlagt. Symptoma kan vere kroppen sine abstinensreaksjonar som følgje av nedtrappinga. Tilbakefallet kan også skuldast ein infeksjon han fekk like før.
Under den pågåande innlegginga blir Andreas igjen medisinert med store blandingsdosar av antipsykotisk og beroligande medisin. Dette er mot både Andreas og mor Heidi (fullmektig og næraste pårørande) sin vilje. Det er også i strid med planen Andreas og dei faste behandlarane hans har hatt om å trappe ned medisinbruken. Han har ikkje positiv effekt av medisinen, medan biverknadane kjem sterkt tilbake.
Det er uforståeleg at Helse Sunnmøre kan halde fram som før, trass i alle tidlegare erfaringar, effektane han har opplevd av forsiktig nedtrapping og Statsforvaltaren sin klare konklusjon.
Les NRK-saka om Andreas: 26-åring mener han har fått livet ødelagt av antipsykotiske legemidler.
Andreas si historie
Andreas fyller snart 27 år. Han skulle ha vore på full fart inn i vaksenlivet, men er i staden heilt invalidisert grunna alt for mange år med tung medisinering.
Andreas var ein gong ein frisk og sprek gut, full av humor, idrettsglede, rausheit, omsorg og klokskap. Han klarte seg fint, både sosialt og på skulen. Då fleire traumatiske opplevingar i barne- og ungdomsåra, mellom anna mange år med mobbing, gjorde at livet vart vanskeleg, søkte familien hjelp i psykiatrien.
Etter at mobbehistoria vart delt i 2021, har fleire elevar frå barne- og ungdomsskuletida kontakta Andreas for å beklage at dei var med på mobbinga.
Dessverre har Andreas aldri fått behandlinga han treng for å bli frisk. I staden har symptoma i all hovudsak vore forsøkt dempa med medisinar. Frå han var 16 år har Andreas vore utsett for ei evigvarande prøving og feiling med mange ulike medikament og tallause innleggingar, utan andre resultat enn alvorlege biverknader og endå fleire traume.
Les Vestlandsnytt-saka: Kampen for Andreas
Kor mykje pengar treng vi?
Dette er ei stor og krevjande sak. Vi har kome eit stykke på veg, og ingenting av dette hadde vore mogleg utan pengane som kom inn i førre runde av spleisen.
Vi ser at juridisk hjelp er kostbart, men det er også heilt nødvendig for å kome vidare med sakene som framleis er under behandling.
Vi ser også at Andreas vil trenge ein individuelt tilpassa nedtrappingsplan, så snart han er tilbake frå det pågåande sjukehusopphaldet. Dette er nødvendig for å unngå nye innleggingar i løpet av nedtrappingsperioden.
Det er allereie oppretta kontakt med ein ekstern psykolog og psykiater, med spesialkompetanse på nedtrapping av psykofarmaka. Nedtrappingsplanen vil Andreas sjølv måtte betale, sjølv om nedtrappinga vil skje i tett samarbeid med norsk offentleg helsevesen.
Det er med andre ord framleis vanskeleg å vite kva den totale summen vil kome på.
Pengane frå Spleisen vil bli overførte til mor Heidi, medan dei øvrige gruppeadministratorane vil ha fullt innsyn i bruken av dei innsamla midlane. Eit eventuelt overskytande beløp vil gå til Andreas sin sparekonto for framtida.