Prosjektbilde for Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️

Oppdateringer

  1. Oppdatering

    5. mai 2023 20:18

    Andreas er sliten no, svært sliten. Eg besøker Andreas annankvar dag, når eg får besøke han. Eg vel å vere open og ærleg om korleis det er i den lukka psykiatrien. No må politikarar og media vakne og gjere noko. 

    Slik kan det ikkje fortsette. Det er svært audmjukande for meg og stå fram, og eg føler ei stor skam for korleis den norske staten behandlar våre eigne borgarar og min kjære Andreas.

    Eg var på besøk hos Andreas idag og sa til han at på søndag har du bursdag. Han spurde meg, fjern i blikket, om kor gammal han blir? Eg svarte 27 år. Eg spurte kva han ønska seg til bursdagen? Han svara kontant "heim, ut av fengsel". 

    Ja, den lukka psykiatrien kan være brutal.

    Andreas får store dosar og fleire typar medisin døgnet rundt, sjølv om statsforvaltaren nylig har konkludert med at han ikkje tåler og skal ha slik medisin. Han har vore på isolat i snart 6-7 veker. Eg fekk kome på rommet hans ein gong, det var verre enn ei fengselcelle. Eg gret når eg kom ut i bilen. 

    Han hadde eit rom med kun ei madrass på golvet. Ikkje laken, men ei samankrølla dyne. (Sjå bilde.) 

    Maling var flakna av veggane, og ein såg rett på betongen. Rommet var strippa for andre ting. Eit lite vindu høgt oppe på veggen som det knapt kjem luft gjennom. Lufta på rommet var varm og innestengd. 

    Eg tenkte i mitt stille sinn, at korleis skal Andreas klare å sove under slike forhold... Det sit to vakter på utsida av rommet hans og observerer han gjennom eit lite vindu i døra. Han får ikkje kome ut, bortsett frå når eg besøker han. Då er vi på eit lite besøksrom utan muligheit for lufting.

    Mammahjertet gret.

    Andreas fortel meg at han får sterk angst, pusteproblem, skjelvingar og panikkanfall og føler at veggane kjem mot han. Han er til tider innelåst og føler at han er i fengsel. Han har kasta opp, blødd neseblod og hatt krampar og skjelvingar medan eg har besøkt han. Eg kjenner igjen bivirkningene han har frå tidlegare. 

    Når eg fortel dei om kva Andreas fortel meg om bivirkningar, og kva eg har sett ved besøk, seier personalet at dei skal gi vidare beskjed. Overlegane tolkar symptoma til Andreas som sjukdom og berre køyrer på med endå meir medisin og tvangsvedtak. 

    Han kjem kanskje ikkje til å overleve dette. Kroppen hans er heilt utslitt og han er neddopa.

    Snillaste Andreas min❤️

    Kvifor er livet så urettferdig? Eg har ikkje ord. Du som var og er så god, omsorgsfull og snill med alle rundt deg. På skulen tok du vare på dei som vart mobba og ikkje hadde venner. Du var flink til å inkludere og ingen skulle stå utanfor. 

    Plutseleg vart det du som vart skyteskiva. Dei tålte vel ikke at du var den du var. Snill, god, viste mykje omsorg, god i fotball, du var populær og hadde venner dei første åra på skulen.

    Eg huska på konfirmasjonsdagen din i Lier. Ingen av dei andre konfirmantene snakka til deg. Du stod der åleine blant ulvane. Dei stod i grupper og lo og hadde det kjekt. Gjekk du bort til dei, såg dei rart på deg og gjekk unna. 

    Å stå på sidelinja og observere dette var grusomt. Men du kom deg gjennom dagen med eit smil om munnen. Augo dine var triste. 

    Eg hugsar orda til presten: Gi Andreas styrke til å møte utfordringar på vegen. Eg gløymer aldri desse orda.

    Idag er du igjen fanga i klørne på den offentlige psykiatrien. Eg håper og ber til Gud fleire gongar om dagen at eit mirakel må skje, og at rettferdigheita ein dag må gå din veg.

    Mamma Heidi

Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️

93 750 kroner innsamlet

211 givere
Avsluttet 26.05.2023
46% av 200 000 kr
Heidi Muren sitt profilbilde
Verifisert
Heidi Muren mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Henriette Sætre Hauge og Espen Vike
  2. 1 ga anonymt
  3. Halldis Moltu
    Ynskjer dokke alt godt og at de snart vert høyrt❤️
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Heidi Muren er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×