No treng Bygdepride hjelp
Tusen takk alle saman for at de medverka til å gjere årets Bygdepride til noko uforgløymeleg. Tusen takk for at de alle medverkar til at skeive skal kjenne seg velkomne på bygda. Laurdagen i Volda-gatene og i Uppheimsparken vil gjere livet betre for mange. Vi i styret i Bygdepride Ørsta/Volda er svært glade for varmen og oppslutnaden. Men etter årets arrangement, må vi innrømme at vi har fått økonomiske problem.
Det er dyrt å arrangere eit gratisarrangement med parade og paradeshow. Inntektene våre er tredelt. Det er støtte frå det offentlege og private gjennom sponsing. Der har vi nådd måla våre, og er svært takksame for all støtte. Den andre inntektskjelda er sal av varer. Der tok folk godt i mot den nye kolleksjonen vår, og kjøpte det vi hadde håpa på. Den tredje inntektskjelda er inntekter frå konsertane. Der svikta det heilt. Vi greidde ikkje å få folk til å kome. Tidlegare år har denne modellen fungert godt, og økonomien vår har vore god.
Dette gjer at vi sit att med eit stort underskot, og difor opprettar vi denne spleisen. Vi håper at alle de som tok del på arrangementa våre, var med i den nydelege paraden og i Uppheimsparken, kan verte med på å gje eit lite bidrag. Også til de andre som synest Bygdepride er noko viktig som vi framleis skal ha i Ørsta og Volda. På førehand tusen takk.