Tusen takk, alle saman. Vi har fått inn langt meir enn vi hadde håpa på. No vert det Bygdepride også i åra som kjem.

Oppdateringer
- 5. juni 2023 11:53
No treng Bygdepride hjelp
24. mai 2023 17:06Bygdepride feira i år femårsjubileum. I løpet av desse åra har vi nådd mange milepålar. Fyrste året med berre det å halde ein skeiv festival på bygda, andre året der vi opplevde at ei heil bygd ville ta del, slik Vartdal gjorde. Vi har vorte ynskt velkomne inn i kyrkja. Den nydelege regnbogemessa har vorte ein tradisjon under Bygdepride. Vi har fått feira kjærleiken saman med tusenvis i paraden og dei to siste åra i Uphheimsparken. Folk har jubla av glede, og også felt nokre tårer. Folk som måtte reise for nokre tiår tilbake, har kome tilbake under Bygdepride og kjent varmen og samhaldet. Unge som veks opp i bygdene våre kjenner at dei ikkje treng å flytte. I alle fall ikkje for å vere den dei er. Bli med på spleisen, slik at bygdene våre også dei komande åra vil oppleve desse magiske maidagane.
No treng Bygdepride hjelp
78 050 kroner innsamlet
Siste aktivitet
- M HTakk for godt arbeid og samlestad for oss skeive i samfunnet!
- 2 ga anonymt
- GKLykke til