Prosjektbilde for STAMCELLEBEHANDLING FOR MULTIPPEL SKLEROSE (MS)

Nyeste oppdatering

«SISTE OPPDATERING PÅ SPLEISEN! »

STAMCELLEBEHANDLING FOR MULTIPPEL SKLEROSE (MS)

Pengene vil dekke reise og stamcellebehandling av MS, og dermed hindre forverring for Toril.

OPPDATERING 15.09.23:

TORIL HAR FÅTT DATO!

Først vil eg meddele at Toril er overvelda og takknemlig i høve til Spleisen så langt! I skrivende stund betyr det 33 350 mindre i lån for henne. Ho ber meg takke alle som har bidratt, både anonyme, dei med fornavn og dei med fullt navn! Tusen takk!

Vi reiser allerede 23. September! Toril fekk dato 12. september, då vart det nokre tårer og mykje glede!

No er alt klart, og flybilletter bestilt. Ho er ein god organisator!

Eg lover alle dokke som er glad i henne at eg skal vere der, og gjere det eg kan for at ho skal ha det best mulig. Vi blir borte i fire veker. Ho vil bli godt fulgt opp av helsepersonell heile vegen ved Clinica Ruiz i Mexico.

Om ho er i form til det, vil vi oppdatere iallfall ein gong underveis, -og ei stund etter heimkomst før Spleisen blir avslutta.

Toril er aktiv (Leder) i Ålesund og omegn MS forening, og tenker det er greit å gi litt innsyn i prosessen i høve til andre som kanskje tenker på om dette kan vere eit alternativ. Ho kan kontaktast som likemann/kvinne om nokon har behov meir informasjon ei stund etter ho er komen heim. Først må ho restituere.

------------------------------------------------------

Mi første og gode venninde her i Ålesund TORIL ØVERÅS er i behov for økonomisk støtte! Vi gjer som Lynni Treekrem: Vi skal til Mexico!

Toril har gjennomgått alle undersøkelser som kreves for å få innvilga behandling ved HSCT Clinica Ruiz i Mexico, ved sjukehuset her.

Vi har barn på same alder, og då vi var yngre reiste vi på Back Pack tur med barnevogn og ryggsekk til Hellas. Vi budde på byfjellet, Toril var glad i å vere ute i skogen, plukke blåbær og gå tur. Ofte sat vi på kantsteinene i gata med termosen medan trehjulsyklane susa forbi!

-Eller spelte ball med dei eldre barna. Vi har og vore mykje på Bjørnsund der ho har del av huset. Ho lengter tilbake dit.

Toril er utdanna sjukepleier frå Betanien Sykepleierskole i Bergen, Før dette gjekk ho skule i Kristiansund, Tingvoll og Ørskog. Ho har studert ved NTNU i Gjøvik og Ålesund. Mange kjenner henne frå Ålesund sjukehus Medisinsk avd., Haukland sykehus, og frå Heimesjukepleien i Ålesund, der ho jobba fram til for to år sidan.

Ho var «oppmann» i AAFK for gutter 96 i mange år. Kanskje kjenner du henne frå den perioda? Ho var organisatoren bak den flotte klasseturen barna hadde til Island då dei gjekk i 10. klasse! Ho har vore aktiv i FFO og er no leder i Ålesund og omegn MS forening. Ho er ei engasjert Ålesundsdame, født og oppvokst her.

Toril fekk påvist MS i 2000. Ho er sterk og med ein beundringsverdig vilje. Ho har stått i arbeid fram til eit alvorlig MS attakk for eit par år sida.

Ho har eit stort nettverk, men siste åra har MS gjort det vanskelig å kome ut. Ho er no avhengig av rullestol for forflytting.

Eg håper vener, bekjente frå livet til Toril samt andre fra byen no vil hjelpe Toril med eit bidrag til spleisen, enten det er lite eller stort.

Rundt regna vil behandlinga koste 650 000 kr, inkludert reise. Utgifter til reise og behandling må pasienten sjølv dekke.

Dersom det kjem inn meir enn det er behov for, vil dette bli overført til Ålesund og omegn MS forening, kanskje som ein buffer for andre som er i behov for slik behandling? Helsevesenet i Norge tilbyr ikkje Stamcellebehandling for MS og einaste alternativet er å reise til Mexico for å gjere det der.

Spleisen er oppretta i samråd med Toril og bidrag som gis gjennom spleisen går direkte til hennes konto. 

Følg oss på reisa! Toril organiserer og er ein trygg reiseleder, eg er med då sjukehuset HSCT Clinica Ruiz i Mexico krever følge. -og vil i samråd med Toril oppdatere Spleisen.

Inger-Mari Eidsvik

STAMCELLEBEHANDLING FOR MULTIPPEL SKLEROSE (MS)

82 650 kroner innsamlet

162 givere
Avsluttet 31.12.2023
12% av 650 000 kr
Inger-Mari Eidsvik sitt profilbilde
Verifisert
Inger-Mari Eidsvik
står bak spleisen
Toril Øverås sitt profilbilde
Verifisert
Toril Øverås mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Svanhild
    God bedring!
  2. Tone Eidsvig
    Fortsatt lykke til!
  3. Stine
    Lykke til💛
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Inger-Mari Eidsvik er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×