Løp for meg på Manger 2024
Bli med på årets "Løp for meg på Manger" og bidra i kampen mot barnekreft!
Sted: Manger, Grønålen
Dato: Laurdag 28.september
Tid: 12-14
Laurdag 28.september 2024 blir det for andre gong arrangert "Løp for meg på Manger". Løpet er til inntekt for TV-aksjonen, som i 2024 går til barnekreftforeninga. Pengane skal gå til å byggje familiehus i fleire store byar- så familiar kan få være saman når sjukdom rammar❤️
Både barnekreftforeninga og TV-aksjonen stiller opp og er med oss løpsdagen🤩🎗️
Sjølve løpet er frå kl.12-13. Det blir felles oppvarming med flotte folk frå StudioNor kl.11.45. Spring/gå så langt eller så lenge du orkar. Kl.13 blir det kiosk og utdeling av premiar på startnummer, så pass på du er tilbake i grønålen til då! Ta godt vare på startnummer- nummeret ditt står i venstre hjørne. Kanskje kjem det òg ei overrasking eller 2?
Løpet er for ALLE, uavhengig av alder og form. Turløypa er rullestolvenleg. Om du vil gå, springe eller berre møte opp og drikke kaffi/få noko å bite i, er heilt opp til deg.
Nytt av året er at det blir mogleg å springe ei lengre løype på 5 eller 10 km for dei som ynskjer det. Uansett om ein vel turløypa (ein runde er ca 1,6 km), 5 eller 10 km, kostar det 150 kr å delta. Alle som deltek fysisk på løpet vil få diplom, medalje og pannebånd. Du kan og betale eit valfritt beløp om du ynskjer det.
Barnekreftforeninga bidreg til forsking og utdanning for å bekjempe barnekreft, i tillegg til å være ei fantastisk støtte for born og familiar som blir ramte av barnekreft.
Då guten vår fekk påvist lymfekreft i november 2022, fekk me oppleve kva for ein fantastisk organisasjon dette er. Det betyd så uendeleg mykje å oppleve støtte frå andre som kan forstå korleis ein har det, når livet plutseleg tek ei vending ein ikkje kan sjå noko meining med. Det kjennest så godt å få arrangere "løp for meg", så me saman kan samle inn pengar til vidare forsking innan barnekreft, og til å hjelpe andre familiar som blir ramte av kreft.
Ingen barn skal dø av kreft<3
September er den internasjonale barnekreftmånaden, og løp for meg er med å markere dette. 2024 er sjuande året der barnekreftforeninga arrangerar løp for meg, og andre året det er mogleg å delta på Manger. Kan me klare å oppnå eit like fantastisk resultat som i 2023? Ein aldeles overveldande respons med over 400 deltakarar og 140.000 kroner innsamla ved fjorårets arrangement, gjorde "Løp for meg på Manger" til den 3.største innsamlinga i landet!
OBS: Det er mogleg å melde seg på sjølve løpsdagen, men kjem det mange påmeldingar siste dagane, kan me risikere å ikkje ha medalje/panneband og startnummer til alle.
Me håpar du har lyst å bli med på ein kjekk dag, og samstundes støtte barnekreftforeninga. Tusen takk <3
Beste helsing Lene og Sondre
Billetter kjøper du ved å scrolle ned til "Produkter" og velger den billettypen som passer deg best. Ta vare på kvitteringen du får i etterkant av kjøpet.
Obs: Det er også fullt mulig å støtte løpet med et valgfritt beløp uten å løpe selv for de som vil det!