Prosjektbilde for Løp for meg på Manger 2024

Oppdateringer

  1. 6. november 2024 14:23

    På vegne av alle i NRK TV-aksjonen og Barnekreftforeningen vil jeg takke for at dere opprettet en digital bøsse/Spleis og engasjerte dere i årets TV-aksjon. 

    Det ble et fantastisk resultat og det bidro nettopp dere til! Det er fullt mulig å fortsette innsamlingen, de digitale bøssene/Spleisene stenger 1.desember.

    Tusen hjertelig takk for innsatsen i år og jeg håper dere har lyst til å bidra neste år også!

    Nina Larsen, leder for NRK TV-aksjonen

  2. Takk for idag!

    28. september 2024 19:43

    Tusen takk til alle som trossa regn og hagl, og var med oss på Manger idag! Me håpar de hadde det like kjekt som oss, sjølv om det vart litt kjølig etterkvart😁 Me har saman fått inn over 72.000- fantastisk!

    Eg gløymde diverre å takke den flotte gjengen frå Radøy ungdomsskule som var med å hjalp oss idag. Dei har faget "innsats for andre", og hadde TV-aksjonen som sitt innsatsområde. Dei har hjulpe med både baking, lappesteiking/kaffikoking/kiosksal og ellers god stemning😍 Tusen takk!

    Me har forlengja spleisen så den varar fram til TV-aksjonen går av stabelen- så kjenner du nokon som ikkje har støtta og ynskjer det, er dette framleis mogleg nokre veker til🎗️

    Me gler oss til neste år!

    Beste helsing Lene 

  3. Adresse for dagen

    26. september 2024 08:02

    Arrangementet er i år ved kunstgraset i Grønålen, sjå vedlagte kart. Det er bra med parkeringsplassar. Bed om at ein ikkje opptek parkeringsplassane ved butikkane, men prøver nytte området rundt grønålen. Det er og god parkering bak kyrkja (forbi Rema 1000 sin parkeringsplass) og bak Coop Extra (mot prestegarden)

  4. sponsorliste

    24. september 2024 14:50

    som lova kjem her liste over dei sponsorgåvene me har fått til no:

    Strikka teppe verdi 1500 kr gitt av Linda Grindheim
    2 stk gåvekort 500 kr QKoreanCosmetics/Milana showroom
    5 pk eye patches og 5 stk ansiktsmaske QKoreanCosmetics/Milana showroom
    Gåvekort 500 kr Alver Velvære
    Goodiebag Alver Velvære
    Gåvekort 500 kr Marøy Frisør
    Goodiebag Marøy Frisør
    Gåverkort på lefser Aufera as
    2 stk gåvekort på 40 cm pizza YX Manger
    2 stk gåvekort på bilvask YX Manger
    Gåvekort 500 kr Bunnpris Bøvågen
    Gåvekort Christel's trafikkskule
    Gummibåt verdi 750 kr Bygger'n Stevnebø
    Polaroid solbrille til barn frå Alver Optikk
    Gåve sponsa av Felleskjøpet Agri (Manger)
    Gåve sponsa av Apotek1-Manger
    Fruktkorg REMA 1000 Manger
    Blome frå Blomsterverkstaden a/s
    Gåve frå Frantzens Blomster
    Ryggsekk Sparebanken Vest, Knarvik

    Elektrisk tannbørste frå Manger tannlegesenter
    Flotte duftlys frå ein venn
    m.fl

    Coop Extra Manger sponsar oss dessutan med frukt, og Radøy Matsørvis med lapperøre og syltetøy<3

  5. Sponsorgåver🤩

    24. september 2024 12:19

    Legg ved bilete av nokre av dei flotte sponsorgåvene me har fått inn til no! Skal leggje ut ei endeleg sponsorliste så snart råd.

    Me trekkjer gåvene på startnummer på dagen- så ta godt vare på startnummeret ditt☺️ Me har til no fått inn gåver til ein verdi over 15.000

    Tenk at det fins så mange gode og gavmilde personar her i lokalmiljøet- 

    både privatpersonar og bedrifter❤️ 

    takk!

  6. Litt info

    21. september 2024 22:21

    Hei alle!

    no gler me oss veldig til neste laurdag🥰 Det kan sjå ut til at me får litt regn på oss, så regnjakke og kanskje eit sko/sokkeskift kan være greitt å ha med seg.

    Registrering blir ved kiosken i grønålen, og er mogleg frå kl.11. Ein kan melde seg på heilt fram til løpet startar- men om det blir veldig mange påmeldingar sjølve løpsdagen, kan me ikkje love å ha nok panneband/medaljar til alle, då desse må bestillast i god tid. Meld deg på no om du ikkje alt har gjort det🥰

    Me er òg i år så heldige at blide sprekinger frå StudioNor stiller opp og har felles oppvarming med oss ca.kl.11.45- tusen takk til dykk! TV-aksjonen stiller òg med stand på dagen🤩 Me har i tillegg eit par andre overraskingar på lur😉

    Løpet blir i grusløypa her på Manger. Om ein vil gå delar av løypa, eller gå/springe heile løypa, bestemmer ein heilt sjølv. Nytt i 2024 er at det blir mogleg å springe ei løype på 10km for dei som ynskjer det (til Hella og innatt til Manger). Løypekart kjem☺️

    Sjølve løpet er frå 12-13, men ein styrer sjølvsagt sjølv kor lenge ein klarar å gå/springe. Etter løpet er det open kiosk med sal av kaffi, brus/vatn, kaker og nydelege lappar sponsa av Radøy Matsørvis! Coop Manger sponsar som i fjor med frukt som ein kan forsyne seg med. Me har fått inn mange flotte sponsorgåver som blir trekte på startnummer🥳

    Velkommen!

  7. Første levering frå barnekreftforeninga motteke❤️🎗️

    2. september 2024 15:53

    Hei alle!

    Første leveranse av medaljar, pannebånd og startnummer er på plass! I år håpar me å ha nok til alle❤️

    Det byrjar òg å komme inn flotte sponsorgåver som blir trekt på startnummer på dagen.

    Mange spør om ein MÅ springje, og det må ein på ingen måte. Kvar enkelt styrer om ein vil gå, springe- litt eller mykje- alt etter dagsform☺️ Om du berre vil stille opp for å støtte TV-aksjonen og kose deg med andre frammøtte, er du hjarteleg velkommen

    Nytt av året er at det blir mogleg å springe ei lengre løype på 10km for dei som ynskjer det.

    Me gler oss til å sjå deg laurdag 28/9 i grønålen!

Løp for meg på Manger 2024

97 800 kroner innsamlet

190 givere
Avsluttet 19.10.2024
97% av 100 000 kr
Lene Therese Grindheim sitt profilbilde
Ikke-verifisert
Lene Therese Grindheim
står bak spleisen
NRK TV-aksjonen sitt profilbilde
NRK TV-aksjonen mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 3 ga anonymt
  2. Stine Osa Karlsen
    Et flott tiltak for en viktig sak! ❤️
  3. 2 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Lene Therese Grindheim er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×