Meir plass i kyrkja vår
Nærbø kyrkje
I 2005 sto Nærbø kyrkje ferdig til bruk. Eit flott og ruvande bygg, som med si sentrale plassering held vakt over bygda. Kyrkja er meir enn eit hus. Det er ein samlingsplass. Ein samlingsplass for menneske i alle fasar i livet. Ein møteplass for generasjonar og kulturar. Ei trygg hamn når det blæs som verst på livets landeveg.
Kyrkja er viktig for folket på Nærbø. Så viktig at me har fått ei gledeleg utfordring. Det er nemleg for liten plass i det 20 år gamle kyrkjebygget. Barne og ungdomsarbeidet er den delen det går mest utover. Samfunnet har endra seg ganske mykje på 20 år, og dei aktivitetane og tilboda som er i dag, treng heilt andre areal og lokale enn det som låg i byggeteikningane i 2005. Kapasiteten er sprengt, og det er svært trongt om plassen. Dette er eigentleg eit luksusproblem, som fortel at kyrkja blir brukt av mange. Me har lyst at kyrkja framleis skal vere ein viktig samlingsplass for folk, og vil prøve å legge til rette for mest mogleg aktivitet. Difor har det blitt vedtatt å bygge på kyrkja.
Før ein får sett i gong med arbeidet, treng ein å ha finansieringa i orden. Det kostar å bygge.
I den samanheng har det blitt oppretta ein spleis for å prøve og samle inn pengar til påbygging av kyrkja. Innbyggarane på Nærbø treng eit funksjonell kyrkjebygg, og kyrkja treng at innbyggarane er med på å betale for oppgraderinga.
Ver med å legg til rette for eit yrande liv, i ei levande kyrkje.
Vil du vere med å bidra med finansieringa, så kan du gi her på denne spleisen.