Elever på Træet skule spring for barn i favelaene i Brasil!
Alle pengane som blir samla inn blir brukt til førebyggjande arbeid for barn i favela-områda i Sao Paulo i Brasil.
Kolibri CARF - Children at Risk Foundation jobbar for å gi barna i favelaen i Brasil ein trygg oppvekst og håp for framtida. Barna og familiane i slummen lever i stor fattigdom. Dei lever i risikoområde prega av vald, kriminalitet, rus og manglande tilbod innan helse og utdanning.
På Kolibri-senteret opplever dei tryggleik, omsorg, får leike saman, lære dans, maling, skodespel og mykje anna. Slik får dei tru på framtida.


