13. juni
UNITY WALK gjennomført i Kaupanger.
Omtrent 20 personar gjennomførte runden rundt om på Kvernhushaugen Idrettsarena. Heldigvis gjekk litt av marsjen innandørs i den flotte hallen. Her fekk vi demonstrert og prøvd PADEL, skateboard-rampen hoppa vi forbi i dag..... Ute trassa vi regnbygene og gjekk frå aktivitet til aktivitet. TENNIS, GOLF-DISC, LØPEBANER, TUFTEPARK og PETANQUE vart presentert og dels prøvd. Mange aktivitetar som kan passa fint også for oss med Parkinson. Sjølv om turen gjekk berre inne på området, fekk eg 1,74km på loggen min. Ei nyttig og triveleg stund! Fekk distribuert Flyers med QR-kode til spleisen og summen er no: 12860,-! Stor takk til alle! Takk også til Kaupanger Idrettslag ved Tor Arne og Morten for velvilje og info om anlegget. Eit anlegg og eit dugnadsverk ei bygd som Kaupanger verkeleg må vera stolte av!

